IPL - Intenst pulsa lys
Revitalisering/ Fornying av ansiktshuda.
Vi behandlar heile ansiktet, små områder eller berre ein flekk.
Forbetring, vedlikehald og forebygging av aldrande hud.
Korleis foregår behandlinga?
Vi rensar huda, og pulsar over huda som skal behandlast. Behandlinga er litt ubehageleg, eit ubehag som kan lindrast med litt kjøling før behandling. Området som behandlast vert avkjølt etter behandling i ca. 15-45 min. Det behandla området blir smurt med Aloe vera, eller Hydrokortison-krem. Dette skal gjentakast nokre dagar etter behandling.
«Sprengte» årer og raudheit kan bli meir synleg dei første dagane. Endeleg resultat kjem etter ca. 3 til 4 veker.
I nokre tilfelle kan det forekome litt hevelse, spesielt om morgonen den første dagen.
Make-up kan brukast som vanleg etter alle behandlingar.
Antal behandlingar: 1-4.
For meir informasjon eller konsultasjon,
kontakt oss gjerne på tlf. 700 83 330.
