Maskina som blir brukt er IPL - Intenst pulsa lys.
Permanent fjerning/ reduksjon av hår hos menn og kvinner.
Hårfjerning.
Permanent fjerning/reduksjon av hår hos menn og kvinner med IPL / Laser har blitt mykje raskare, meir ffektivt og med mindre ubehag. Hår kan fjernast på alle delar av kroppen, som t.d. ansikt, bikinilinje, leggar, armehole, bryst, skuldrar, rygg, bryn mm. Behandlinga kan ta frå nokre minutt til eit par timar, alt etter kva område vi behandler. Effekten er best på mørke hår, men kan også fungere på andre hårtyper.
Antal behandlingar kan variere ut ifrå person, alder og kva områder som skal behandlast. 4-8 behandlingar er mest vanleg, med ca 6- 10 vekers mellomrom. Hår på overleppa og hake hos kvinner, rygg, skuldrar og bryst hos menn, krev vanlegvis fleire behandlingar, da dette er områder som er hormonelt betinga.
Restriksjon før og etter behandling
Ein skal ikkje vere solbrun eller sole seg i solarium, bruke sjølvbruningskrem og ikkje ta betakaroten(tabletter) 4 veker før ei behandling. Ein må barbere seg 2-3 dager før behandling av kropp.(håra må vere korte). Ver forsiktig med sol etter behandling, det behandla området skal ikkje utsetjast for sol dei første 4 vekene etter behandling. Bruk høg solfaktor!
Ring oss gjerne for meir informasjon, konsultasjon
med test, eller bestilling av time på tlf. 700 83 330.
- Tausheitsplikt er sjølvsagt!
