iClearXL-maskin
Raudt lys vert brukt verda over, mellom anna til hudforbetring. iClearXL raudt lys utfører vi til behandling av solskada hud og sår-behandling.
Hjelper solskada hud til auka blodsirkulasjon, og forbetrer oksygen-og næringsopptaket i huda. Transport-mekanismen i cellene vert forbetra. Oksygenet til vevet blir lettare, og cellene skil lettare ut avfallsstoff.
Øydelagde celler blir også reparert. Lyset verker saman med kroppen sine eigne prosessar for å motverke for tidleg aldring.
Antal behandlingar: 2 behandlingar pr. veke i 4 veker, eller 1 beh. pr veke i 6 veker (ingen ubehag). Anbefaler også ei hudpleiebehandling(djuprens) medan behandlinga av iClearXL pågår.
IPL -Intenst pulsa lys (laser maskin).
Svært effektiv behandling mot kviser/acne, pigmentflekkar, skjolder, mimiske rynker, porer og sprengte blodkar i ansiktet.
Kor mange behandlingar er nødvendig?
Antal behandlingar kan variere frå person til person, alt ut ifrå kva som skal behandlast. 1-4 behandlingar er vanlegast. Behandlingstida varer frå nokre minutt til ca. 1 time, ut ifrå kva område som treng behandling. Vi behandlar berre ansiktet med IPL.
Er det ubehagleg?
Det kjennast ut som eit lite, varmt stikk for kvar puls. Der er ingen ubehag mellom pulsane.
Kva skjer etter behandlinga?
Etter behandling av til dømes pigmentflekkar/skjolder, vert behandlingsområdet nedkjølt i 20-45 min. Det kan svi litt etter behandlinga. Det gir seg i løpet av eit par timar. Du blir smurt med Aloe- vera krem etter behandlinga. Huda kan få ein skiten utsjånad 5-10 dagar i etterkant. Pigment og skjolder blir meir framtredande inntil det etter kvart vert redusert eller forsvinn heilt. For å halde huda mjuk i etterkant, smør Aloe- vera eller Hydrokortison dei første dagane etter behandling.
1-3 behandlingar er vanleg, med 3 vekers mellomrom.
For meir informasjon
kontakt oss gjerne på tlf. 700 83 330.
