Ansiktsbehandling:
På ein hudpleietime blir huda analysert, rensa, skrubba og lagt i vapozon (damp). Deretter er huda klar til utklemming av svarte prikkar, talg og milier (kvite fettklumpar). Det vert brukt skalpell i behandlinga, sidan milier ikkje har utførselsgang i huda. Bryna blir nappa. Tilslutt legg vi ansiktsmaske. For dei som ønsker, kan vi tilby 30 min. ansiktsmassasje. Vi gir også tips og rettleiing til stell av huda.
Hårfjerning:
Voksbehandling av heile kroppen.
Håra må vere minimum 0,5 cm lange. Unngå påføring av krem før ei voksbehandling. Framgongsmåte: Vi smør voks på ønska område, legg på strips og drar i retning hårets vekst. Du vil bli litt raud dei første timane etter behandling. I ansiktet kan det bli litt hevelse, pga. tynnare hud. Dette vil gå over etter ei stund.
Skjønnhetspleie:
Vi fargar vipper og bryn + nappar til ønska form. Behandlinga varer 10-30 min. Påføring av farge blandar vi etter ønske frå kunden. Vi anbefaler å gjenta farginga etter 5-6 veker.
Massasje:
Vi kan tilby massering av rygg eller full kroppsmassasje. I behandlinga blir det brukt aromatiske oljer. Behandlingane varer frå 30 min. til 90 min.
Fotpleie:
Fjern gammal neglelakk før du kjem til behandling. Første steg er fotbad i ca. 10 min. Deretter skrubbar vi bort død hud under føtene. Neglene blir stelt og klipt, og fotkrem blir påsmurt. Om kunden ønsker det, påfører vi til slutt neglelakk. Behandlinga varer 1 time.
Handpleie:
Fjern gammal neglelakk før du kjem til behandling. Vi blautgjer neglebanda før dei blir «puffa» ned og stelt. Deretter filer vi neglene og utfører ei lett handmassasje. Om kunden ønsker det, påfører vi til slutt neglelakk. Behandlinga varer 1 time.
iClearXL kur-behandling:
Forskaren som fann opp Roacutan(berre på resept), har no vore med på å utvikle blått og raudt lys til bruk i behandling mot acner(kviser) og til hudforbetring. Behandlingane er smertefrie og utan biverkanader.
Blått lys drep bakteriane som er i acner,
Dette gir 3 gongar raskare resultat enn andre behandlingsformer,
Reduserer faren for acne-arr,
Fjerner over 70% av acnene på 4 veker,
Kuren går over 4 veker, der du får 8-10 behandlingar.
Raudt lys er med på å redusere og førebyggje fine linjer i huda,
Aukar blodsirkulasjonen, og gjer at cellene får meir oksygen til å reprodusere seg,
Trekkjer ihop store porer og fine linjer,
Får ein betre hudstruktur med meir glans,
Reduserer frie radikaler i huda.
Vi anbefaler ein djuprens medan kuren pågår!
For meir informasjon
kontakt oss gjerne på tlf. 700 83 330.
