Kva er Plasmalite 600 + LP HRSR?
Plasmalite er den tredje generasjonen med lysbasert hårfjerning-system. Den inkluderer alle fordelane frå både laser og intens pulsa lys i eit system. Ved å bruke den unike fluoriserande lysteknologien plasmalite har, kan vi tilby ein sikker og effektiv måte å fjerne/redusere hår på nesten alle typer hud.
Korleis verker Plasmalite 600 + LPHRSR?
Plasmalite bruker lysenergi til å treffe det naturlege pigmentet i håret, for så å varme opp hårsekkane og vekstcellene til ca 70 grader (nødvendig for ei total øydelegging av hårsekkar og vekstceller). Kliniske testar har påvist at det raude lyset absorberer best av pigmentet i håret. Håret har 3 vekstfaser; det er kun i den anagene fase (første fasen) vi kan øydelegge hårsekkane. Dette er den einaste av vekstfasene der hårsekkane har vekstceller. Ved å øydelegge desse, kan ikkje hårsekkane reproduserast og nye hår vokse fram.
Kor mange behandlingar?
Antal behandlingar er individuelt, varierande og avhengig av fleire faktorar. Det kjem m.a. an på kvar på kroppen ein ønskjer å fjerne hår, kor djupt hårsekkane sit, kor mykje hår ein har i utgangspunktet, hormonelle faktorar, og arvelege faktorar. Når ein arbeider med biologisk materiale, kan ein aldri garantere effekten av behandlinga. Rygg og skuldrar på menn og hårvekst i ansiktet på kvinner, er hormonelt betinga, og aukar vanlegvis på med alderen.
På andre stader på kroppen bør ein rekne med ca 4-8 behandlingar.
Det bør vere ca. 8 veker mellom dei 2-3 første behandlingane. Etter kvart som det tek lengre tid for nye hår å kome opp, bør ein vente lenger. I prinsippet kan ein vente så lenge ein vil; det som er øydelagt, er øydelagt.
Plasmalite vil fjerne ca 20% av eksisterande hår ved kvar behandling. Det er den mengda hår som er forventa i riktig vekstfase (anagen fase).
Restriksjonar før og etter behandling.
Ein skal ikkje vere solbrun, sole seg i solarium, bruke sjølvbruningskrem eller innta Beta Karoten 4 veker før behandling. Ein bør heller ikkje ha brukt voks eller nappemaskin minst 4 veker før ei behandling. Ver forsiktig med sola etter behandling! Det behandla området må ikkje utsetjast for sol dei første 4 vekene etter behandlinga. Bruk høg solfaktor dersom du utset huda for sollys!!
Med IPL-lys kan vi fjerne/forbetre:
Pigmentflekkar (solskada hud),
Sprengte blodkar i ansiktet,
Hår på heile kroppen (mørkt hår på lys hud er alltid enklast å behandle),
Store porer og rynker,
Fregneliknande prikkar i huda,
Rosacea.
Ring oss gjerne for meir informasjon
på tlf. 700 83 330.
