kviser

kviser iClearXL-maskin er det mest effektive lyssystemet for behandling av acner (kviser). Forskaren som fann opp Roacutan (fås hos lege) har no vore med på å utvikle blått lys og raudt lys, som er heilt smertefritt og utan biverknader. iClearXL bruker blått lys for å få ei sikker og effektiv behandling av acne.

Blått lys drep bakteriane som er i acner. Dette gir 3 gongar raskare resultat enn andre behandlingsformer. Reduserer faren for acne-arr. Fjerner over 70% av acnene på 4 veker. Kuren går over 4 veker, der du får 8-10 behandlingar.

iClearXL er lysterapi, det nyaste innan behandling mot kviser. Den viktigaste bakterien som er ansvareleg for inflammasjonen er Propion-bakterien. Den produserer eit naturleg stoff som heiter poryphyris. Poryphyris er sensitiv for lys på forskjellige bølgelengder. Når desse bakteriane blir stimulerte, blir bakteriane nedbrotne. Lyspåverknad av kjertlane, produserer eit miljø der bakteriane ikkje vil overleve.
Antal behandlingar: 2 behandlingar pr veke i 4-5 veker. Det er ingen ubehag. Behandlinga kan brukast på heile kroppen. Anbefaler ein djuprens medan behandlinga pågår.

kviser IPL laser-behandling mot kviser kan kun brukast i ansiktet, direkte på der du har kviser. Behandlingstida varierer frå nokre minutt til 1 time, alt etter kor stort område som skal behandlast. Det vil kjennast som eit lite varmt stikk for kvar puls. Kvar puls dekkjer ca 1-2 cm. Det er ingen ubehag mellom pulsane. Behandlingsområdet blir nedkjølt etter behandlinga. Kjølinga kan variere fra 15-45 min, alt etter kor stort område vi har behandla. Behandlingsområdet blir smurt med Aloe Vera.
Antal behandlingar: 1-3 gongar med 3 vekers mellomrom.

Hudpleie/ Djuprens.
På ein hudpleietime blir huda analysert(hudtype), rensa, skrubba og lagt i vapozon (damp). Deretter er huda klar til utklemming av svarte prikkar, talg og milier (kvite fettklumpar). Det vert brukt skalpell i behandlinga, sidan milier ikkje har utførselsgang i huda. Til slutt legg vi ei ansiktsmaske. For dei som ønsker, kan vi tilby 30 min. ansiktsmassasje og napping av bryn. Vi gir også tips og rettleiing til stell av huda.



For meir informasjon
kontakt oss gjerne på tlf. 700 83 330.