Naturleg på innsida.
RESTYLANE er ein krystallklar gele av hyaluronsyre, eit stoff som forekjem naturleg i kroppen. Hyaluronsyre bind vatn, og tilfører på den måten huda fuktigheit og volum. Etter kvart som vi blir eldre, reduserer vi produksjonen av naturleg hyaluronsyre i kroppen. Ein enkel injeksjon av restylane gjenopprettar huda sitt tapte volum, og verkar derfor forskjønnande gjennom å forme din profil, gi leppene dine ny fylde og jevne ut linjer og rynker i ansiktet ditt.
Restylane tilfører huda di volum utan å forandre din naturlege utsjånad. Restylane er eit ikkje-permanent produkt som vert absorbert naturleg over tid. Det innebèr at du kan velje når du ønsker ytterlegare behandling for å oppretthalde effekten.
Naturleg på utsida
Ei Restylane-behandling tar kortare tid enn ein lunsjpause, og etterpå kan du kan fortsette med dine vanlege gjeremål. Ingen førehandstesting er nødvendig, og du ser umiddelbart resultat. Effekten varer vanlegvis fra 6 mnd. til over 1 år. Lengda av behandlinga med restylane varierer frå person til person, alt etter kva område som skal behandlast.
Restylane vart lansert i 1996. Sidan den tid har det vorte gjennomført meir enn 2 millionar behandlingar utan negative resultat i over 70 land over heile verda. Du kan med andre ord stole på produktet sin tryggleik.
iClearXL og IPL-laser kan også brukast til behandling av fine linjer i ansiktet.
For meir informasjon
kan du ringe oss på tlf. 700 83 330
