pigmentflekkar og solskada hud

Solskada hud,
Pigmentflekkar,
Sprengte årer i ansiktet,
Fregneliknande flekkar i ansiktet,
Arr/mimiske rynker.

Korleis foregår behandlinga? pigmentflekkar
Vi rensar huda, kjøler ned området som skal behandlast og pulser over huda som er skada. For nokre kan behandlinga bli litt ubehageleg, noko vi lindrar med litt kjøling før behandling. Området som behandlast avkjølast også etter behandling i ca. 15-45 min. Det behandla området blir smurt med Aloe vera, eller hydrokortison-krem. Dette skal gjentakast nokre dagar etter behandling.

Korleis ser eg ut etter behandlinga?
Pigmentflekkar og skjolder vil vere meir synlege og få ein «skiten» utsjånad som kan vedvare i 5-10 dagar.

«Sprengte» årer og raudheit kan bli meir synlege dei første dagane, endeleg resultat kjem etter ca. 3 veker.

Store porer trekkjer seg saman, men kan ikkje forsvinne heilt. Dei blir berre mindre synlege. Det same gjeld mimiske rynker. Endeleg resultat ser vi først etter ca 2-3 veker.

I nokre tilfeller kan det kome litt hevelse, spesielt om morgonen den første dagen.
Make-up kan brukast som vanleg etter alle behandlingane.
Antal behandlingar varierer frå 1-3, og med 3 vekers mellomrom.

Iclear XL Raudt lys hjelper solskada hud til å få auka blodsirkulasjon, og forbetrer oksygen-og næringsopptak i huda. Transport-mekanismen i cellene vert forbetra. Oksygenet til vevet blir lettare, og cellene skil lettare ut avfallsstoff. Øydelagde celler blir også reparerte. Lyset verkar saman med kroppen sine eigne prosessar for å motverke for tidleg aldring. Kan også gjeer at mimiske rynker blir mindre synlege.

Antal behandlingar:
2 behandlingar i veka over 4 veker. Ingen ubehag.
Anbefaler også ei hudpleiebehandling (djuprens) meden behandlinga av iClearXL pågår.



Ring oss gjerne for ein konsultasjon, slik at vi kan finne
fram til den behandlinga som er best for deg og huda di,
på tlf. 700 83 330